Tok fri på jobb og møtte Bjørnar ved båten klokka 0830 idag der me tok oss av diverse ting og stell/pussing av båten, men når klokka bikka 12 så var flysuget der så me sjøsatte skuta og flaug fram til klokka var 20 ikveld!
Hadde 6 turer som båtfører der ein var tandem med Robert og ein tidlegare HG pilot som gliste heile vegen til 1000moh og ned igjen hadde eg inntrykk av, Robert drog på ein feit stupspiral og så det var nok ein frisk tur! Ellers flaug Robert og Morten ein solo tur kvar opp til go høgde, bilde er av Robert som kjem inn for landing...No er eg så j...trøtt etter en lang men kanon dag at eg bikker vel snart!
Ja så ille er det at eg glemte at eg flaug 4 turer sjølv der det høgste eg var omtrent 900moh, leika meg litt over sjøen ned igjen :-)
No comments:
Post a Comment